Tre personar mista livet i ein frontkollisjon mellom ein lastebil og ein personbil på fylkesveg 24 i Stange torsdag i førre veke. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Elleve døydde i trafikken i april

Elleve personar mista livet i trafikken i april. Det er fire fleire enn i same månad i fjor.

Seks av personane mista livet i Innlandet fylke. 28 menneske har omkomme på norske vegar så langt i år.

– Seks omkomne i Innlandet er mange trafikkdrepne på ein månad i eitt fylke, seier Guro Ranes, leiar for trafikktryggleik i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At to av ulykkene var med fleire omkomne, forklarer talet noko, men tragedien er alltid stor for dei som mistar sine.

Dei seks som døydde i Innlandet i april omkom alle i møteulykker. Med sju døde på vegane så langt i år er Innlandet det hardast ramma fylket ved utgangen av april. Rogaland har seks omkomne så langt i år. (©NPK)