Eit pusterom i barnehagen
Fredag er ein god dag! I barnehagen vår er vi ein gjeng som gler oss litt ekstra til fredagen. Dette er nemleg dagen då dei eldste barna på småbarnsavdelinga, og dei yngste barna på storbarnsavdelinga skal på tur.
Denne gruppa går under namnet «kropp og hopp», og de kan vite at dette er ein takknemleg gjeng å vere på tur med!
Og om det er barna eller dei vaksne som gler seg mest til å komme seg ut i naturen, er neimen ikkje godt å seie.
Vi er alle ulike
Vi er alle ulike. Og vi barnehagefolk er like ulike kvarandre som andre folk. Med ulike behov, ressursar og interesser. Akkurat som ungane i barnehagen. Dette vil vi dra oss nytte av - for det er jo ein styrke at vi har ulike eigenskapar å bringe inn i gruppa.
Vi har ein tanke om at dersom vi alle får bruke det vi likar, er gode til og tru mot, vekker dette også ei interesse hjå ungane. Vi vil at ungane skal blomstre i trygge omgjevnadar - og då er det godt med vaksne som på ekte er engasjerte, ivrige og til stades med heile seg.
Vi vaksne som er på tur kjenner oss heldige. Ikkje berre fordi vi har ei flott gruppe med barn med oss desse fredagane, men også fordi vi får nytte denne tida saman med dei ute i friluft, noko som gjer at vi kjenner oss i vårt rette element.
Som å trykke på "play"
Vi meiner ikkje at det alltid går på skinner. Det kan vere mange ulike behov som melder seg på morgonkvisten i barnehagen. Ikkje reint sjeldan, er det gjerne eitt av barna som har stått opp klokka fem, og er allereie byrja å bli klar for soving.
Eit anna barn på same gruppa har sove til klokka ni. Nokon har ikkje fått i seg noko særleg mat til frukost, nokon er litt slitne etter ein barnebursdag dagen før, medan andre osar av energi. Og så er det gjerne litt småvanskar med to høgrevottar, og ei sigande bukse, eller ei bukse som berre sklir opp osv… (barnehagefolk skjønnar greia).
Vi anerkjenner, prøver å formidle at noko kan vi seie «pytt-pytt» til, og så prøver vi på ny. Vi stiller oss i sirkel, tek «kropp og hopp-regla» vår med song og bevegelsar, stiller oss opp i «bussen» og kjem oss av gårde. No er vi nullstilt! Det er litt som å trykke på «play» og starte filmen på ny i lag.
Mykje utetid får positive følgjer
Forsking viser at barn som får mykje tid ute i friluft tileignar seg ei rekke gode eigenskapar. Det er positivt for den kognitive utviklinga, styrkar motorikk og det fremjar den sosiale utviklinga deira.
Funn viser òg at barn som får mykje utetid i barnehagealder får betre evne til å konsentrere seg, er mindre hyperaktive, flinkare til å dele og å vere saman med andre. Og at desse gode eigenskapane følgjer dei inn i dei første skuleåra!
(Kjelde: Time spent outdoors during preschool: Links with children`s cognitive and behavioral development. Av Vidar Ulset, Frank Vitaro, Mara Brendgen, Mona Bekkhus og Anne I.H. Borge(2017) -Hefte Norsk Friluftsliv).
Naturen er eit godt utgangspunkt for meistringsopplevingar
Vi vil sikre at barn kjenner på meistring, tryggleik, tilknyting og tilhøyrsle når dei kjem ut i natur og friluft. Vi vil at dei skal meistre å tenne eit bål, spikke seg ein pinne og finne roen ved å sjå i bålet.
Dei skal få vere til stades med begge hender og heile hovudet. Her kan barna kjenne meistring. Det å ikkje kveppe, og skremmast av ukjende lydar, men få på plass litt kunnskap om naturen. Kanskje er det hakkespetten som arbeider!?
Å gå på hoggormsafari på Vereide er òg ein populær aktivitet. Det vekker ein fascinasjon hjå oss å sjå hoggormen sole seg. Den er vakker, og nokså ufarleg når vi kan sjå den med våre eigne leitande auger, med ein trygg vaksen som veit korleis vi skal oppføre oss i nærleiken av den.
Naturen inspirerer
Ikkje sjeldan går turane våre til Stetta. Her har vi moglegheiter for bål heile året, og dei minste får sove på reinsdyrsfell i gapahuken. Når vi har kryssa bilvegen og runda prestegarden, får ungane springe fritt. Ungane veit godt at dersom dei spring frå gruppa, må dei vente ved den store eika til gjengen er samla. Dette praktiserer dei med glans…
Det vi ser kvar einaste fredag, er kor enkelt det er for barna å komme i leik. Her er det «naturleg innbydande». Her er ingen fysisk avgrensa område eller lukka rom. Her er derimot store rom for å gi fantasien plass til å blomstre. Vi tek ikkje med oss leikar frå barnehagen. Men ungane klagar ikkje over for få konglar eller pinnar. Her finst ulikt materiale som kan formast og bli til det utrulegaste, vakraste, raraste. Kreativiteten har ingen grenser, og naturen inspirerer!
Her er bratte bakkar og høge tre. Her er utfordringar i fleng. Her er det barna som skaper, og ikkje sjeldan får eg tilsnakk av ungane fordi eg "trakka" på senga til babyen, eller sette meg opp i heksegryta. Her blir stubbar til komfyrar, og granbar til senger, og i klatretrea kan ein kome til å forstyrre både den eine og andre sjørøvaren som ligg i etasjeseng. Vi er innom dei fleste tempo når vi er på tur. Vi er høgt i treet, vi rullar ned bakken i full fart, vi ropar og hoiar, og så prøvar vi å vere litt stille for dei barna som søv. Naturen gjev inspirasjon til forteljing, rolleleik og musikk. Vi er på jakt etter lyd, klang og rytme og framhevar det musiske i naturen.
Sjå kvarandre
Kvardagen har ein tendens til å skulle gå «slag i slag», og vi må hugse å legge inn tid til prosessering og bearbeiding av inntrykk. Noko av det fine med å vere på tur, er sirkelen rundt bålet. Her har vi eit felles fokus, og prøver å gi alle tid og rom for å prate, lytte og sjå kvarandre.
Til alle tider er det blitt fortalt historier rundt bålet. Dette held vi fast ved på tur. Barna har store forventningar til historiene, og ikkje sjeldan vert desse improviserte. Dette opnar for dei musiske augneblinka med tid til å sleppe til barna sine idear og innspel, og å sette seg sjølv på vent. Det er nesten som om historiene om bjørnen og vinterdyra vert meir levande når ein kan sjå på flammane medan ein lyttar. Kanskje dannar ungane seg indre bilete som dei er i stand til å tole betre, når dei kan skape dei i sitt eige hovud!? Det er fint å observere at ungane set seg tettare kvarandre, eller kryp opp i fanget til den vaksne når spenninga tar seg opp, og å møte det letta blikket deira når historia heldigvis enda godt.
Tema for barnehagedagen 2026 er «fellesskap og inkludering». Sjølv med våre ulike eigenskapar er vi alltid på leit etter det som er felles. Vi har stor tru på at vi saman kan SKAPE eit «felles VI» gjennom gode felles opplevingar. Dette gjer oss tryggare på kvarandre, ei kjensle av identitet, nærleik og samhald.
Få distraksjonar, og rom for gode pusterom
Når vi er på tur, har vi moglegheit til å «berre vere». Vi er omringa av natur, og den vesle gjengen som er med. Vi kan høyre vinden blåse, eller sola varme i ansiktet. Her er ikkje kamp om merksemd frå den vaksne, ei heller kamp om leikar. Her er lite støy, og ingen mas om «innestemme».
I barnehagen er det mange barn, og mange aktivitetar som går føre seg på same tid. Når du er involvert i ein leik på tur derimot, treng du ikkje lure på om du heller burde tatt del i den leiken som går føre seg på andre sida av rommet, eller om du går glipp av noko.
Vi er ofte færre barn på tur, og det er ingen krav til prestasjon for å få ta del i leiken. Omgjevnadene barna møter påverkar og stimulerer barna sin leik, fantasi og kreativitet og inviterer til gode samspel. Her er færre distraksjonar, og barnet kan få kjensla av å vere hovudperson uavhengig av kvar han eller ho rettar blikket.
Med fjell som veggar, og himmel som tak
Dei beste turdagane er gjerne dei som vi ikkje har planlagt så grundig. Når vi ikkje har med bøker å lese, eller mat å tilberede. Dei dagane ungane skjønar at dei ikkje treng å spørje «når skal vi det eller det». Desse dagane der vi berre ER. Når vi legg oss på bakken, i snøen eller graset, gjerne når veret viser ein liten solgløtt. Det er nokon augneblink som vi håpar på heile året. For er det noko vi merkar på kroppen når ein jobbar og leikar i barnehage - med alle våre utetimar - så er det årstidene.
Når vi kan legge reinsdyrsfellen ut på marka, og ungane kan få vakne etter luren sin voggande på fanget - i solveggen. Når vi kan få tid til å studere ekornet hoppe mellom trea, og høyre etter kva fuglesort som syng. Og kanskje synge med. Då kjenner ein ofte på at betre enn dette kan ein ikkje ha det akkurat no. Og så håpar vi at barnet på fanget, eller dei andre barna som har lagt seg inntil, kjenner på det same. Desse dagane der vi ikkje ser på klokka - og kanskje ikkje har så mykje meir å meddele til foreldre at jo - vi har hatt ein nydeleg dag på tur. Kanskje vi ikkje gjorde så mykje spesielt, men dynamikken var god og vi hadde det utruleg fint og godt i lag.
Og så veit vi med oss sjølve at det likevel var ei heil verd med opplevingar.
Ronny Solheim og Marlin Aa Bakketun, barnehagelærarar i Nordstranda barnehage