Eit imponerande arrangement

Sjølve arrangementet er det fint lite å utsetje på. NCT har gradvis vunne erfaring og gjort festivalen litt betre kvart år. Målet er eit ryddig og godt arrangement der artistane kjenner seg heime, og publikum får ei positiv oppleving. Her er det lagt ned store ressursar. Og dette året er det satsa meir enn nokon gong. Etter ein del bråk og uheldige episodar for to år sidan, vart det gjort viktige grep. I fjor var ein tilbake på rett spor. Det vart følgt opp dette året.
Årets festival er kanskje den best gjennomførte nokon gong. Det torer vi å hevde etter å ha følgt avviklinga på nært hald. Det skal ikkje stikkast under ein stol at alkoholkonsumet er betydeleg, men det er god kontroll og godt vakthald. Det var ikkje langt mellom kvar gul vest. Derfor var det også dette året fint lite å gripe tak i. Både innleigde vaktmannskap og politiet hadde rolege kveldar på Fjordhestgarden. Tonen var gemytteleg, og folk treivst.
Men eit så omfattande opplegg kostar. Lag og organisasjonar som deltek for å sikre gjennomføringa av NCT, gjer ein flott jobb. Dugnadsinnsatsen deira skaffar pengar i kassa. Dette er gjennom åra blitt ei sikker, og viktig, inntektskjelde. Og slik er festivalen også blitt eit arrangement som heile kommunen har eigarskap til.

Les heile leiaren i papirutgåva onsdag.