Eit eldorado for sportsfiskarar
Gloppen, Jølster og resten av regionen er eit eldorado for sportsfiskarar. Her kan du fiske i både sjø, ferskvatn og elvar.
I Gloppen kan du fiske etter saltvassfisk som torsk, makrell, sei og lyr i Gloppefjorden og Hyefjorden, eller prøve å lure laksen i Gloppeelva, Ryggelva og i dei lakse- og sjøaureførande vassdraga i Hyen.
Er du på jakt etter storauren, er Breimsvatnet eit godt alternativ. Av dei mange gode fiskevatna elles i kommunen, bør Traudalsvatnet, Gjengedalsvatnet og Eimhjellevatnet nemnast.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jølstervassdraget er eitt av Europa sine aller beste aurevassdrag.
Her blir det fanga om lag 20 tonn aure av topp kvalitet kvart år. Storaurestammen i vassdraget gjev årleg sportsfiskarar jølstraaure på fleire kg. Sjølve dronninga er Jølstra frå utoset på Vassenden til Baubrekka ved Moskog. Her er det mange store, djupe hølar som er enkle å fiske i.
Også i resten av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn er det ei rekkje gode lakseelvar og tallause innlandsvatn det er mogleg å prøve fiskelukka i.
Jølstra er rekna for å vere ei førsteklasses flugefiskeelv. det har vore arrangert både VM, EM og NM i elva.