Illustrasjonsbilete.

Ein person frakta til Trondheim

Ein person er frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim med SeaKing-helikopter etter ei møteulukke på rv5 ved Erdal tidlegare i dag, melder Helse Førde AMK.

Fem personar er skadde, minst ein alvorleg, etter møteulukka litt over klokka seks tysdag morgon. To bilar med fem personar i kolliderte front mot front ved Erdal vest for Førde. Ein av personane sat fastklemd i den eine bilen, meldte politiet.

No er ein av dei, ein mann fødd i 1998, frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim med eit SeaKing-helikopter. Fire andre personar, alle menn, fødde 1998, 1992, 1968 og 1958 er køyrde til Førde sentralsjukehus med ambulanse.

Vegen var ei periode stengt, og litt før elleve melder politiet at både dei og Statens vegvesen ferdig på staden, og at dei no ventar på bilberging for å få rydda vekk bilane. I eitt-tida var vegen igjen opna for vanleg trafikk.