Ein av fire nordmenn uroar seg for at vi skal få ei ny oppblussing av koronasmitte til hausten, ifølgje ei ny meiningsmåling. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Ein av tre urolege for ny smittebølgje

Deltasmitten spreier seg i Europa. Ei ny meiningsmåling viser at ein av tre nordmenn uroar seg for ei ny oppblussing av koronaviruset i Noreg til hausten.

Ei ny undersøking som Ipsos har gjort for Dagbladet, viser at fleire nordmenn er bekymra for ei ny smittebølgje til hausten.

I undersøkinga svarer ein av tre at dei er ganske bekymra, 4 prosent er svært bekymra, men det store fleirtalet er ikkje særleg bekymra. 6 prosent oppgir at dei ikkje er bekymra i det heile, og 56 prosent er lite bekymra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kjem òg fram at kvinner i større grad er bekymra enn menn.

Den siste tida har deltavarianten av koronaviruset ført til at fleire land i Asia og dessutan Australia har måtte stengje ned igjen etter smitteoppblomstring.

Folkehelseinstituttet trur deltavarianten vil dominere smittebiletet utover sommaren.

Dei siste vekene har derimot smittetala vore stabile, og det har vore langt færre innleggingar og dødsfall enn tidlegare i pandemien.

(©NPK)