Eid eller ingen

Etter mange og lange forhandlingar er drøftingane om eventuelle kommunesamanslåingar begynt å nå tørre landet. Då har mange store og svulstige prosjekt forsvunne undervegs, og ein står tilbake med meir realistiske alternativ. I Sunnfjord vil dette seie Liten SiS, med kommunane Jølster, Førde, Naustdal og Gaular. I Nordfjord står ein igjen med indre, ytre og midtre. Det siste er klart etter at samstemde politikarar i Eid før helga sa takk og farvel til eit alternativ saman med ytre, akkurat slik politikarane i Gloppen gjorde det med Sunnfjord nokre dagar før.

Prosessen i Sunnfjord har vore både inkluderande, men på same tid ekskluderande. Å legge opp til ti kommunar i ein ny storkommune, var dømt til å mislukkast, sameleis trua på eit hopehav mellom Flora og Førde. Likevel har dette vorte køyrt så langt at andre alternativ aldri fekk sjansen. Vi tenkjer først og fremst på Gloppen mot Liten SiS, som kunne ha vore ein grei ”match”, men som aldri kom til reelle drøftingar. Det seier seg sjølv at det vil vere heilt uaktuelt for Gloppen utan vidare fohandlingar om innhald. På same måten har heller ikkje Gloppen og Jølster vorte noko alternativ i prosessen, men kanskje kan det dukke opp i ei eller anna form.

Etter at Eid no trekte seg i forhandlingane med ytre, m.a. fordi ein ikkje kom til semje om kommunesenter, står dei berre tilbake med Gloppen som alternativ til å stå åleine. På same måten står Gloppen igjen med Eid som einaste alternativ til vidare sologang. Det er ikkje noko dårleg alternativ for nokon av dei; omtrent like store midt i Nordfjord, ganske like både i næringsvegar, folkelynne og kultur, men sjølvsagt også med skilnader. Dei siste åra har det også vore eit nært samarbeid innan samferdsle og spørsmålet om bru over Anda-Lote, noko som har knytt viktige band for framtida.

Om kjærleiksforholdet er så sterkt at det kan gå mot ekteskap, er alt for tidleg å seie. Men no står ein i alle fall igjen med ei heilt konkret utfordring kvar. Det er jo ingen tvil om at ein kommune med 12.000 innbyggjarar midt i Nordfjord vil bli eit kraftsenter, som både kan skape meir aktivitet og som kan trekkje til seg mange nye innbyggjarar. Men også her skal ein semjast om innhaldet, både kommunesenter og plassering av ulike funksjonar. Skal ein greie å få det på plass, må ein gå inn i det med eit raust og stort sinn, samtidig som det må ligge ei rettferdig og god fordeling i botnen. Det blir i festtaler sagt at det ikkje er så viktig kvar kommunesenteret ligg, men når det kjem til kvardagen og i praksis, veit alle at her ligg ei utfordring. Så spørs det om ein kan oppvege for det, t.d. med andre funksjonar, enten det gjeld kommunale aktivitetar eller vidaregåande skule.

Skal det bli eit ekteskap, må det også ligg ei bru i botnen. Å byggje saman ein kommune med ein fjord midt i utan fast samband ser vi på som uaktuelt i 2015 eller 2016 då vedtaket kanskje skal fattast. Her må i så fall ligge klare føringar frå styresmaktene, noko som ikkje burde vere vanskeleg fordi ei bru over Anda-Lote vil tvinge seg fram av eiga tyngde. No får vi berre sjå kva forhandlingane vidare fører til. Kva som kjem frå regjeringa om innhald og det nye inntektssystemet vil også bli viktig. Signala no tyder på at det ikkje vert store endringar for kommunar over 5000 innbyggjarar, så det gjer at det også etter alt å dømme vert mogeleg å stå åleine.

Det vi kan seie sikkert er at vi kjem tilbake til denne saka neste år.