Arkivfoto.

Dvergsdal med sølv i motbakke-EM

Eli Anne Dvergsdal frå Jølster slo til med sølv under motbakke-Em laurdag. Ho var to minutt etter Andrea Mayr frå Austerike og dermed har Eli Anne (23) sikra seg si beste plassering så langt i si mangfaldige karriere, der både fotball, baneløp, halvmaraton og motbakkeløp har vore på menyen.
Plasseringa vart annonsert under Jølster Maraton til stor applaus frå eit publikum som ikkje fekk sjå halvmaraton spesialisten i år.Eli Anne Dvergsdal