Skogbrannhelikopteret avsluttar årets beredskap. Her er det i aksjon på Sotra i juni. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

DSB avsluttar beredskapen med skogbrannhelikoptera

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har avslutta beredskapen med skogbrannhelikoptera for i år.

Det opplyser skogbrannhelikoptera på Twitter.

Statens skogbrannhelikopter held til på Torp i Sandefjord og er normalt i beredskap frå 15. april til 15. august. I år vart beredskapen forlengd fram til 16. september fordi lite nedbør førte til auka skogbrannfare.

(©NPK)