Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad. Arkivfoto.

Difor varierer smittetala

Talet covid-19-smitta i Gloppen varierer avhengig av kva kjelde ein brukar. Ordføraren forklarer kvifor.

– VG, Folkehelseinstituttet og kommunen kan ha ulike tal i oversiktene sine. Årsaka er at Gloppen kommune berre registrerer dei som er testa og har fått positivt prøvesvar her. Personar med folkeregistrert adresse i Gloppen, men som blir smitta andre stader i landet, er ikkje med i kommunen sine statistikkar. Desse kan vere registrerte som glopparar i andre oversyn, forklarer Leidulf Gloppestad.

Han legg til at han har fått fleire spørsmål knytt til denne problemstillinga.