Om to år er det slutt på dette smykket som har vore delt ut til nærare 400 born.

Dette smykket blir snart historie

Det meste kan kjøpast for pengar, men ikkje smykket som alle nyfødde jølstringar får. Dette er eit eksklusivt produkt som jølster kommune har eigarskapen til og som blir produsert av Anne Lise Øvrebø.



Sidan starten i 2011 har kommunen delt ut ein stad mellom 350 og 400 smykke. Ifølgje Laila Bergheim Ommedal hos Jølster kommune, har dette smykket hatt fast plass på budsjettet, ein plass som aldri har vore diskutert.

Tredje gong

Ein av dei som var på plass for å få smykke, var fem månader gamle Magnus Aalhus Taklo. Han hadde med seg foreldra Veronika Aalhus og Endre Taklo. Veronika kunne fortelje at ho var på smykkefest for tredje gong.

-Men no er det slutt smilte Veronika som tykte at det er ein fin tradisjon med dette smykket. Både ho og Endre er frå Ålhus og tykte det er ekstra stas at smykket har grenda sin store son, Audun Hugleiksson, sitt våpenskjold som motiv.

-Brukar ungane smykket?

-Ja, den eldste har brukt det ein god del, og det fine med dette smykket er at det kan brukast heile livet. Det er berre å skifte kjede, så går det heilt fint.



Felles symbol

- Jølstringane er fødde med ei unik heimkommunekjensle, men eg har skjønt at for å kunne kalle seg ekte jølstring så må ein ha budd her i generasjonar, sa Bergheim Ommedal vidare. Ho kunne elles fortelje at det var ønsket om å finne på noko som alle kunne ha felles, enten dei er nye eller gamle innbyggarar, som i si tid låg bak ideen om dette smykket. Smykket er i sølv med liljekrossen i Jølster sitt kommunevåpen som motiv. Kommunevåpenet vart i si tid designa av Elsa Norunn Håheim Nydal, og smykket har blitt ettertrakta. Ja, det er faktisk så ettertrakta at ei utanbygds kvinne som fødde i ein ambulanse på veg gjennom Jølster, kontakta kommunen med spørsmål om ikkje den nyfødde var kvalifisert for smykke. Det var han naturleg nok ikkje.

Kommunestyret gjer sitt

Både ordførar Oddmund Klakegg og varaordførar Jakob André Sandal har pappapermisjon og deler på ordførarvervet det kommande halve året. Sandal fekk familieauke i 2016, men har utsett permisjonen. Elles såg vi ein til frå formannskapet på smykkefesten og endå ein ventar ein liten i år.

- Kommunestyret har gjort sitt for folketalsutviklinga i kommunen, meinte varaordføraren som var den som delte ut smykke denne gongen. Han tykte elles at dette var eit kjekt oppdrag, og han kunne opplyse at det i fjor kom 38 nye jølstringar til verda, 25 gutar og 15 jenter. Flest nyfødde var det i området som soknar til Vassenden skule med 24 nyfødde. Alt i alt vart det fødde litt fleire born i fjor enn det som har vore vanleg siste åra. Men varaordføraren såg gjerne at det blir endå fleire.

-De må berre drive på, sa han.



Også besteforeldre

Den årlege smykkefesten er også dagen då stolte besteforeldre er til stades for å sjå barnebarna få smykke. Ein av bestefedrene  vi møtte, var Jan Asle Bolset som var på plass for å sjå barnebarn nummer to, eitt år gamle Mia Bolset få smykke.

-Det er kjekt å sjå at det kjem nokon etter meg, smilte Bolset som tykte kommunestyret hadde gjort ein bra jobb når det gjeld å hjelpe til med folketalsutviklinga siste året. Men husdyrmannen og avlseksperten var likevel klar på at det kan gjerast endå betre.

-Vi må få ned snittalderen på politikarane, for slik det er no, er det ein og annan som ikkje er i avl lenger, sa Bolset med eit visst glimt i auget.

Det blir to smykkefestar til før kommunesamanslåinga, og to som var der med sin førstefødde, var Hedvig Hovden og Per Inge Indrebø, med Eira.

- Vi har to år på oss for å få eit smykke til, smilte Hedvig som ikkje avviste at det kan komme til å skje.

-Takk skal du, sa Magnus Aalhus Taklo til varaordførar Jakob André Sandal. I bakgrunnen helsesøster Siv Indrebø
Bjørn Inge Indrebø og Hedvig Hovden har knappe tå år på seg om dei vil ha eit smykke til i familien.
Jan Asle Bolset tykte det var kjekt å vere med barnebarnet Mia Bolset (1) på smykkefestt