– Eg kjem til Sandane for å snakke om det som er det vanskelegaste temaet i internasjonal politikk, seier Hans-Wilhelm Steinfeld, som du kan møte i Trivselshagen torsdag 30. november. Pressefoto.

– Det politisk korrekte har feila

– Den politiske korrektheita som har vore kring innvandring har feila, det er det ingen tvil om, seier Hans-Wilhelm Steinfeld (66). Om ei dryg veke kjem den gamle NRK-sluggeren til «Verda og vi» på Sandane, for å snakke om det han sjølv kallar det vanskelegaste temaet i internasjonal politikk.

Det er eit rykande aktuelt tema som står på dagsorden når «Verda og vi» avsluttar 2017-sesongen i Trivselshagen. Då kjem ingen ringare enn Hans-Wilhelm Steinfeld for å snakke om «Hatet i Europa».

– Det er eit problem
– Det står tre millionar flyktningar og bankar på Europas dører. Dette er ikkje berre ei utfordring, det er eit problem, vi må begynne å kalle ting med deira rette namn. Det vil ikkje vere politisk mogeleg å sleppe alle desse inn i dagens Europa, seier Steinfeld, og viser til dei sterke nasjonalistiske kreftene som har vakse fram i kjølvatnet av den auka immigrasjonen.

Kvar Vesten har trakka feil i høve Midtausten er eit av dei sentrale spørsmåla i dette.

– Arrangørane i Gloppen Sogelag har treft eit høgst aktuelt tema, og det vanskelegaste spørsmålet i internasjonal politikk i dag. Statistisk Sentralbyrå-saka viser kva sprengkraft dette har også i vårt land, seier Steinfeld, som ikkje vil vere med på at den auka skepsisen til innvandring frå spesielt muslimske land berre er eit utslag av meir rasisme.

– Ei fersk meiningsmåling som Aftenposten presenterte nyleg, viste at 35 prosent støtta FrP sin strenge innvandringspolitikk. Ingen skal seie at 35 prosent av det norske folket er rasistar.

Vil gje eit bakteppe
Hans-Wilhelm Steinfeld gav ut boka «Hatet i Europa» i 2009, 20 år etter Berlinmuren sitt fall. Cappelen Damm gav den ut på nytt i fjor, med heilt uendra tekst.

– Boka og føredraget er eit forsøk på å gje eit bakteppe på kvifor nasjonalisme og rasisme veks så kraftig fram i Aust-Europa spesielt, eg kan nemne land som Ungarn, Polen og Tsjekkia. Men vi ser det også i land som Tyskland, Frankrike og ikkje minst Austerrike.

Det ligg lange historiske linjer bak dette, men også ei forsterking i mange land etter kommunismens fall.

– Eg kan ta den enkle forklaringa først. Kona mi er frå Ungarn. Ho fortel at dersom oldemor skulle skremme henne då ho var lita, fortalde ho om tyrkarane. Då vart kona mi redd og gøymde seg under dyna. Dette er ein illustrasjon på kva slags erfaringar og haldningar eit land som Ungarn har frå gamalt av når det gjeld islam. Vi veit at eit land som Bulgaria i 1987 deporterte hundretusenvis av etniske tyrkarar, seier Steinfeld.

Fekk eit verdivakuum
Både Ungarn og statane på Balkan har heilt andre røynsler med islamske land enn det vi har.
– Dette er viktig å forstå. For å kunne begynne i terapi må ein først stille ein riktig diagnose, seier Steinfeldt.

Han peikar også på eit vedvarande jødehat i Aust-Europa, ikkje minst i Polen, som ein annan faktor i denne historia.

– Det tredje er kommunismens samanbrot. Fleire austeuropeiske land kom inn i EU etter Sovjetunionens fall. Men dei hadde levd under åket sidan krigen og fekk aldri leve ut sine nasjonale kjensler og ambisjonar. Etter kommunismens fall vart det eit verdivakuum. Det vart for å seie det enkelt ut med Lenin og inn med kyrkja. Dei måtte finne og gripe nye ideal, det mange fann då var fascismen. I Aust-Europa hadde alle land fascistisk lovgjeving når ein kjem fram til 1936. Berre Tsjekkoslovakia og Estland var unntaka.

Tok aldri oppgjeret
Eit fjerde og vanskeleg punkt Steinfeld peikar på, er den overleveringa som skjedde eller ikkje skjedde etter krigen. I Vesten, ikkje minst gjennom skulen, vart det teke eit oppgjer med nazismen, Holocaust og nasjonalismen. Overleveringa hos oss vart tufta på forteljinga om sivil liding, Gestapo og konsentrasjonsleirar. Bak jarnteppet tok dei det aldri eit slikt oppgjer.

– Det var politisk umogeleg, for her heldt dei seg framleis med eit hemmeleg politi, KGB, konsentrasjonsleirar og overvaking. Dei fekk aldri den overleveringa som vi, for dei vart saka at «vi banka Hitler, vi er sterkast». Kan ein nedkjempe dei ein fryktar fysisk, så står ein tilbake som vinnarar.

Steinfeld peikar på at dette også forklarer tragedien i Jugoslavia etter 1990. Dei fekk aldri den overleveringa og vaksinen som vi gjorde etter krigen eller etter kommunismens fall.

– Det er også forklaringa på at nasjonalistiske krefter står sterkare i det gamle Aust-Tyskland enn i vest. Eit døme frå Vesten er Austerrike. Forakta for svakheit sto sentralt i det nazistiske tankesettet. Difor kan vi sjå sterke tendensar i det gamle Aust-Tyskland, men ikkje i vest. Det viste siste valet der Alternative für Deutschland fekk 12 prosent ved valet, primært i aust.

– Då nasjonalisten Heider slo seg opp her i 2000, laga tyske ZDF ein stor dokumentarfilm om austerriksk ungdom. Det viste seg at dei aldri hadde fått kunnskap om nazismen og det som skjedde før og under krigen i skulen. Dei hadde ikkje fått den same overleveringa som vi fekk.

Reisa frå Eid
Steinfeld fortel frå tida som NRK-korrespondent om sitt møte med ein ung afghanar i byen Mazàr-e Sharīf. Det viste seg at han hadde budd to år i asylmottak på Nordfjordeid.

– Eg måtte jo intervjue han, og spurde om korleis reisa tilbake hadde gått. Han svara på gebrokkent nordfjordsk at det var veldig enkelt, han hadde tatt flyet til Kabul og buss over Hindu-Kush- fjella til Mazār-e Sharīf. Svaret symboliserer at ikkje alt treng å vere så innvikla, og at det her nok var ein økonomisk flyktning vi hadde med å gjere.

– Verda er ikkje snill
At dei utfordringane Europa står framfor er kompliserte, er det ikkje tvil om.

– Snakkar vi om mindre plassar, vil det vere ei grense for kor mange vi kan greie å integrere. Ikkje berre økonomisk, men også om kva ryggrad mindre samfunn har til å bere muslimske gettoar som gjerne lever tilbaketrekt og på sida i høve til samfunnet elles, og etablerer i staden sine eigne reglar. Så kan ein spørje om kor vellukka det er, seier Steinfeld, som er klar på at mykje av det politisk korrekte kring innvandring har feila:

– Ein må gjerne drive ønskjetenking, men verda er ikkje snill. Dessverre.

Ei legende
Hans-Wilhelm Steinfeld er ei legende i norsk journalistikk og ein kunnskapsformidlar av dei sjeldne. Han har hovudfag i historie, utdanning i russisk og samfunnskunnskap og 37 års fartstid i NRK. Aller mest kjend er han frå sine 18 år som utanrikskorrespondent i Russland og på Balkan. Intervjua hans på den store verdsscena med aktørar som Gorbatsjov, Jeltsin og Ryskov er legendariske, alle hans historier og anekdotar på breialt bergensk er klassikarar.

Så har då også Steinfeld vunne ei rekke prisar for innsatsen sin, han har gjeve ut tolv bøker. I 2014 slutta han i NRK og vart partnar i Corporate Communications, men han har slett ikkje slakka av på tempoet. No reiser han landet rundt på føredrag og i andre aktivitetar.

– Ja, eg har mykje å gjere, berre i november har eg 20 reisedagar. Det er hektisk, men eg trivst med det. Eg er godt kjend i Sogn og Fjordane, men har ikkje vore på Sandane før. Det gler eg meg verkeleg til, seier Steinfeld til slutt.

Det gjer også «Verda og vi», som lenge har hatt Steinfeld på ønskelista. Torsdag 30. november kan du oppleve den fargerike bergensaren i Trivselshagen.