Det kan kome ei øy i Kjøsnesfjorden

– Rv 5 gjennom Kjøsnesfjorden er eitt av dei mest politisk prioriterte rassikringsprosjekta i fylket. Utfordringa ligg i å utnytte overskotsmassane på ein fornuftig måte, sa ordførar Oddmund Klakegg på informasjonsmøtet til Statens Vegvesen onsdag.

Det vart presentert mange, mogelege løysingar på problemet, men det var nok spesielt eitt av dei som merka seg ut, både i kreativitet og nytenking. Det handla rett og slett om å lage ei ny, kunstig øy på begge sider av Kjøsnesbrua.

Store mengder

Den nye, 6.5 km lange tunnelen, som vil få namnet Kjøsnestunnelen, vil skape eit masseoverskot på 700 000 m³ Får å skjøne kor mykje dette er, så handlar det om 170 lastebillass dagleg i dei 400 dagane drivinga av tunnelen vil ta. Sagt på ein annan måte så vil tungtrafikken på Rv 5 mellom Kjøsnes og Skei bli dobla om massane skal køyrast for eksempel til Bolset, som var eitt av alternativa for deponi.

– Ved å lage ei kunstig øy i Kjøsnesfjorden, med parkeringsplass, tilrettelegging for fiske og tursti rundt området, vil vi få eit fantastisk flott område langs brua, ein plass der det allereie i dag er stor aktivitet, sa Anders Kristian Sægrov som støtta desse planane fullt ut.

Les heile saka i papirutgåva måndag.