Sveinung Rotevatn kjempar om å bli Venstre-leiar etter Trine Skei Grande. Samtidig er han også aktuell som nestleiar i partiet. No kan han skyve partikollega Terje Breivik ut av Stortinget.Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK.

Det bryggjer opp til listestrid i Venstre

Sveinung Rotevatn mot Terje Breivik kan bli kampen i haust om førsteplassen på Venstres stortingsliste for Hordaland.

Breivik er sitjande stortingsrepresentant frå Hordaland og nestleiar i partiet. Rotevatn var førstekandidat for Sogn og Fjordane i førre val og er kandidat til å bli partileiar. Då er plassen i Sogn og Fjordane for uviss, skriv Bergens Tidende.

Avisa har vore i kontakt med både Rotevatn og Breivik, men ingen av dei ønskjer å seie kva dei vil svare. Allereie neste veke møtest nominasjonskomiteen som skal foreslå Venstres valliste for Hordaland valdistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ane Breivik, leiar i Bergen Venstre, stadfestar at både Rotevatn og Breivik er blant dei som er spelt inn av lokallaget.

– Eg meiner det er eit felles ansvar i Venstre å sørgje for at dei som har verv i leiartrioen har moglegheit til å fungere som heiltidspolitikar på nasjonalt plan. Den innstillinga bør vere avgjerande for kven som toppar lista i Hordaland, sidan det er ein av dei sikraste valkrinsane Venstre har når det gjeld direktemandat, seier ho.

(©NPK)