Austafjells ligg det an til mange soltimar. Det blir nokså bra frå skjærtorsdag til første påskedag, søndag. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Det beste påskevêret kjem austafjells

Dei som held seg austafjells denne påska kan kryssa av for flest soltimar. I nord vil nok mange la seg freiste av hyttekos innandørs.

– Nord-Noreg får rett og slett det dårlegaste vêret. Det ser ut som om hausten kjem tidleg i år! Sør-Noreg får det beste påskevêret, seier vakthavande meteorolog Martin Granerød i Meteorologisk institutt.

Soltimar

Austafjells ligg det an til mange soltimar. Det blir nokså bra frå skjærtorsdag til søndag, altså første påskedag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir ikkje heilt skyfritt. Innimellom er det litt skyer, men alt i alt ser det bra ut. Dess lenger nordover du er, dess meir skya blir det, seier han til NTB.

På Vestlandet blir det òg fine dagar både torsdag og fredag. Etter kvart legg det seg eit lågtrykk i Norskehavet. Det gir litt meir skya vêr utover i helga. Regnet kjem på tampen av laurdagen.

– Men, det blir nokre fine dagar på Vestlandet.

Brettspel

Lenger nord blir det skya vêr denne påska. Ein må vere førebudd på regn i periodar, sludd og snø.

Snøgrensa ligg på mellom 100 og 300 meter torsdag og fredag. Men laurdag og søndag blir det veldig varmt. Då må ein godt opp i fjellsida for å få noko som er tørrare enn sludd.

– Det blir veldig vått. Trøysta for Nord-Noreg kan vere at det kan bli opphaldsvêr igjen måndag sjølv om det heller ikkje då blir mykje sol, seier Granerød.

Han foreslår at det blir fine moglegheiter for hyttekos og brettspel for påsketuristane i nord.

Første sommardagen

Tysdag fekk vi årets første nordiske sommardag. Då vart det registrert 20,1 plussgrader i Lier i Viken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var den einaste staden i landet som offisielt var over 20 grader. Elles var det mange stadar som var på rundt 18 og 19 grader. Det er òg behageleg, slår meteorologen fast.

Han kan ikkje love tilsvarande temperaturar i Sør-Noreg i tida framover.

– Varsla er ganske usikre for dagane neste veke. Det ser ut som vi beheld den forholdsvis kjølige lufta. Supervarmen må vi nok vente litt til på, men vi følgjer med, forsikrar han.

(©NPK)