Dekka på denne bilen tok bort i skjermane. Foto: Statens vegvesen.

Desse felgane likte kontrollørane dårleg

Statens vegvesen gjennomførte natt til søndag trafikkontroll i samarbeid med politiet ved E39, Førde trafikkstasjon. 26 lette køyretøy var innom kontrollplassen, av desse vart 14 kontrollerte nærare.

Fire køyretøy vart ilagde bruksforbod på grunn av tekniske manglar (støy, og ikkje godkjent ombygging).

Eitt køyretøy fekk vedtak om inndraging av kjennemerke fordi dekka tok bort i skjermane ved innfjøring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når dekka tek bort i skjermane, kan dekka bli rivne hol i. Ei brå punktering i fart kan medføre ei trafikkulykke. Bilføraren klarte å ordne opp i dette på kontrollplass. Han fekk behalde kjennemerka, men bruksforbod på grunn av ombygd eksosanlegg og mykje støy. Det vart tillate å køyre til heimeadresse for reparasjon, skriv vegvesenet i rapporten frå kontrollen.

Det vart gjeve skriftleg pålegg om utbetring av tekniske manglar ved sju køyretøy.

Dette var manglar ved eksosanlegg, fjerna lyddemparar, feil ved lys og ikkje godkjende ombyggingar.