Mindre etterspurnad etter norsk ull frå utlandet verkar inn på ullprisen til sauebøndene. Arkivfoto: Paul Kleiven/NTB scanpix/NPK.

Dårlegare pris på ull

Ein del sauebønder må i år rekne med å få mindre betalt for ulla dei leverer enn i fjor.

Det fortel Nationen. Ifølgje avisa har dotterselskapet til Nortura, Norilia, i år valt ikkje å betale noko ekstra for ulla utover det statlege tilskotet sauebøndene får til ullproduksjon. Den viktigaste grunnen er mindre etterspurnad etter norsk ull, spesielt frå utlandet.

– 2019 var eit veldig krevjande år, med dei lågaste prisane på ull sidan finanskrisa for ti år sidan, og med koronapandemien gjekk vi frå vondt til verre, seier leiar av ullavdelinga i selskapet, Marion Tviland, til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fatland Ull AS ønskjer likevel ikkje at dette skal gå ut over sauebøndene.

– Vi ønskjer å løne dei som avlar for ull og gjer seg flid med ulla. Og så håpar vi at marknaden vil ta seg opp, seier dagleg leiar Anders Nertoft i Fatland Ull.

(©NPK)