Bjørn Årdal klappar oksen Kongo ved Kupehytta i Årdalskupa kring 1960. Elles ser vi frå venstre Anders Erikstad, Jon Erikstad og Torleiv Årdal. Fotograf var Bjarne Erikstad. Biletet er henta frå artikkelen «Då kupestutane rådde grunnen i fjellet» av Jan Asle Bolset.

Då kupestutane rådde grunnen

For dei fleste i Jølster er soga om kupestutane eit ukjent kapittel. I årets utgåve av Jølst kan du lese historia om då lagsstutane gjekk på beite i Årdalskupa. Vi har eit tydeleg råd.




Tradisjonen med å sleppe oksar på beite i Årdalskupa starta truleg før 1900 og varde heilt fram til tidleg på 1960-talet. Då tok kunstig sædoverføring over bedekning av kyr.

Kom frå heile fylket
Det kom stutar frå heile fylket for å gå på sommarbeite i Årdalskupa. Lokale karar frå Årdalen hadde ansvaret for marsjen opp til Kupa, beitetilsyn og heimjaging om hausten. Turen opp rundt Stegsvatnet var ikkje ufarleg, og fleire gongar gjekk det gale med dei store og tunge dyra.

I Årdalskupa rådde stutane grunnen heile sommaren. Mange fekk ublide møte med dei, ikkje sjeldan vart folk jaga og måtte ta dekning på steinar og liknande.

Gunnar Årdal og Jon Erikstad, begge over 80 år i dag, var med på eventyret når oksar skulle leiast inn i Kupa til ein lang beitesommar. Historiene og opplevingane er mange og sit godt spikra i minna til dei to.

Det er Jan Asle Bolset som har ført den interessante historia i pennen.

– Kasta lys over grå kvardag
Johannes Zakariasson Fossheim levde eit langt og innhaldsrikt liv. Han gjekk ut frå lærarskulen på Hamar i 1889, men det var ikkje berre i skulestova han la ned ein stor innsats.

Han strødde om seg med ei gåvmild livsgjerning som lærar og skulestyreformann, klokkar og kyrkjesongar, korstiftar og dirigent, stiftar av Jølster Helselag, folkeopplysningsmann i målsaka, ungdomsleiar, oppdragar og folketalar.

– Slik skulle han kome til å kaste lys over ein grå kvardag i mange grender, på Vestlandet så vel som Austlandet, skriv Kristian Fossheim om farfaren i den fyldige artikkelen.

Målmann og boksuksess
Hallstein Dvergsdal skriv om Eirik Hjelmbrekke (1889-1962), som gjennom mesteparten av livet var ein ihuga målmann, og i ein periode var leiar av Firda Mållag.

Han var ein flittig leverandør av lesarinnlegg og kronikkar, og det var han som i si tid tok initiativ til reisinga av minnesmerket over ein annan målmann, Gustav Indrebø, i Årdalen.

Jonas Helge Torsheim skriv om «Norges største boksuksess – Rolfsens lesebøker». Nordahl Rolfsen sine bøker var i bruk i skulen i mange tiår, den første kom i 1892, og nye utgåver, reviderte og utvida, vart trykte heilt til 1960. I alt blei det selt 8,5 millionar eksemplar.

Bjørgja
Boka «Toppturar i Sunnfjord» kom ut i haust. Anne Cecilie Kapstad i prosjektgruppa for boka har skrive ein artikkel om arbeidet med denne.

Professor i astrofysikk ved Universitetet i Oslo, Kaare Aksnes, har skrive om hobbyastronomen Olav J. Befring.

I fjorårets utgåve av Jølst var det ein artikkel om fjellet Gallen. I år er det Bjørgja som står for tur i det som kanskje kan bli ein serie om fjell kring Jostedalsbreen. Kjartan Myklebust er forfattar.

I Jølst 2017 kan du elles lese eit utdrag frå Karl Ove Knausgård si bok «Om vinteren», nytt frå Jølster Mållag, om fjella i Jølster og Håvard Rem på vitjing i Astruptunet.

Interessante artiklar
Jølst har i mange år vore eit kjærkome innslag i floraen av bøker og julehefte på seinhausten. Mange gleder seg til å få bladet i hende, og redaksjonen har eit press på seg for å levere eit produkt av god, gamal kvalitet.

Også i år har kvintetten Hallstein Dvergsdal (redaktør), Einar Gautefall, Reidun Støfring, Jan Asle Bolset og Svein-Olav Sandnes levert varene – og vel så det.

Jølst inneheld som vanleg ei rekkje interessante artiklar, er velskrive og absolutt verd å lese for alle med interesse for Jølster og lokal soge.

Her er det berre éin ting å seie: Løp og kjøp!