– Cruiseindustrien står framfor store endringar
Administrerande direktør i YSA Design, Anne Mari Gullikstad, trur industrien står framføre store endringar.
I ei sak i Teknisk Ukeblad, seier administrerande direktør i YSA Design, Anne Mari Gullikstad, at cruiseindustrien står framføre store endringar.
YSA Design er eitt av dei mest kjente cruiseskipsdesignselskapa i verda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gullikstad seier at koronakrisa vil føre til ei endring i reisevanane til folk. Ho trur dei vil ønske seg meir individuelle opplevingar og reise i mindre grupper.
Det kan bety at dei store skipa vil lage fleire forskjellige inndelingar om bord.
(©NPK)