Cruiseskip ved kai i Flåm. Foto: Kirsten Offerdal/NPK.

Cruisehamn i Sogn ber om landstraum

Vestland fylkeskommune vil gå i dialog med staten om etablering av landstraum i Flåm i Sogn og be dei følgje opp Stortinget sitt nullutsleppsvedtak.

- Vi ønskjer med dette å seie klart frå at staten no må leggje opp til støtteordningar som gjer det mogleg å realisere landstraum i Flåm, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring, i ei pressemelding.

Frå 2026 må båtreisa til Flåm og verdsarvområdet skje utan utslepp. Aurland Hamnevesen har planar om å bygge landstraumanlegg i Flåm, noko som er støtta av Enova.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samtidig ligg det ei stor uvisse i denne investeringa. Dette fordi det i ein mellomperiode frå 2026 vil vere færre anløp og dermed lågare inntening på eit landstaumanlegg. Det er også uklart når det vil komme skip inn i fjorden att, sjølv med landstraumanlegg på plass.

Det er dyrt å byggje landstraum til cruiseskip. For kaianlegget i Flåm er det estimert ein kostnad på 120 millionar kroner. Tilskotet frå Enova som dei har fått er på 27 millionar kroner.

– Det er derfor viktig at regjeringa følgjer opp Stortingsvedtaket om å sikre etablering av landstraum i Flåm med midlar og garantiar, seier Ljosland.

(©NPK)