Frode Fjellestad satsar stort, og utvidar og pussar opp grisefjøsen i Fjellbygda. Prislappen blir på 7,46 millionar kroner. Drifta på det nye anlegget blir svært rasjonell. Det blir ei eiga avdeling for inseminasjon, drektige purker, fødslar og smågrisar. Fôringsautomatar kjem også til å forenkle arbeidet.

– Byggjer for framtidige generasjonar

Frode Fjellestad meir enn doblar arealet på grisefjøsen, og skal ha 670 kvadratmeter ny storfjøs som set dyrevelferd i fokus klar til innflytting om nokre månader.


– Driftsbygningane og fjøsen var såpass nedslitne og lite tilpassa dagens krav at vi måtte gjere eit val, enten satse og byggje nytt, eller å legge ned heile griseproduksjonen, fortel Frode Fjellestad.

Han er bonde i Fjellbygda, og totalrenoverer no gamlefjøsen i tillegg til at han byggjer på ein heilt ny og større grisefjøs.

Støtte frå innovasjon Norge

Det er store dimensjonar på det nye tilbygget som reiser seg på garden til Frode under Engesetåsen. Den nye delen er på 425 kvadratmeter, og skal stå klar i mai. Alt av inventar, ventilasjon og golv i den gamle fjøsen skal rivast ut og erstattast, slik at heile anlegget for griseproduksjonen blir fornya. I august skal også den gamle delen vere totalrenovert og klar til bruk.

– Eg søkte Innovasjon Norge om midlar, og fekk 1,86 millionar kroner. Johannes Nedrebø i Nortura bidrog med kunnskap og gode råd i prosessen. Samla er kostnadane på utbygginga budsjettert til 7,46 millionar kroner, så det var kjekt å få støtte, og heilt nødvendig for å få prosjektet i hamn. Eg kunne ikkje ha sett i gang med dette utan ei kone i god jobb og tilskot, slår griseprodusenten fast.

Han fortel at slik det er no, så må han selje ei tredjedel av all smågrisen han produserer på grunn av plassmangel.

Frode synest dei har vore heldige som fekk midlar, for akkurat no er det overproduksjon av slaktegris her i landet.  Alternativet var å slutte heilt med svinekjøtproduksjonen og halde fram med sauedrifta. Då måtte han ha skaffa seg ein jobb der han må vere vekke i dei periodane det er ekstra travelt på garden.

– Det er ikkje lett å finne ein arbeidsgjevar som kan unnvere deg i dei vekene lamminga står på, men det hadde snart ikkje vore lønsamt eller innanfor retningslinjene å halde på slik som no, fortel Frode.

Den gamle grisefjøsen sto klar i 1974 og er ikkje i tråd med dagens krav til grisehald. No ser han fram til at den nye arbeidsplassen skal bli ferdigbygd. Med mykje eigeninnsats håpar han å få lånesummen ned i fem millionar kroner. Det er entreprenørfirmaet KBG AS frå Måløy som har oppdraget med å byggje fjøsen. Dei spesialiserer seg mellom anna på å setje opp driftsbygningar.

Smittesluse og nytt ventilasjonsanlegg

Taket er no kome på nyefjøsen, og støyping av golv og innreiingsarbeidet står att. Det kjem også eit nytt og effektivt ventilasjonsanlegg i både den gamle og nye delen.

– Eg har tru på at eit moderne ventilasjonsanlegg er ei god investering i eiga helse på lang sikt, seier kona Eva Gimmestad og viser til at ventilasjon er viktig på grunn av farleg støv frå fôr og sagspon.

Ho trur også at det blir bra med mindre fysisk hardt arbeid i fjøslufta. Det vil eit topp moderne tørrfôringsanlegg syte for. Her kan slaktegrisane forsyne seg som dei vil. Også purkene vil bli fôra automatisk. Fôringsanlegget fyller seg automatisk, og ein kan fôre mange gonger i døgnet, styrt av tidsur.

Moderne innreiing vil også lette arbeidet med måking og reinhald av fjøsen.

Nyefjøsen blir delt opp i fleire avdelingar. Inseminering, drektige purker, fødepurker og smågrisar som vert dia får ei eiga avdeling i bygget. Dette blir i den nye delen av fjøsen. Slaktegrisane som blir fôra opp skal bu i ein eigen del . Alle som skal inn i bygget må gjennom ei smittesluse for å redusere risikoen for farlege bakteriar. Det er spesielt den antibiotikaresistente bakterien MRSA ein er redde for. MRSA er svært vanleg hos gris i mange europeiske land, og smittar mellom menneske og gris. Det har vore oppdaga nokre få enkelttilfelle i Noreg. MRSA-bakterien kan vere svært alvorleg for menneske med dårleg immunforsvar.

– Noreg er det einaste landet i verda som er fritt for MRSA, og helsemyndigheitene og Mattilsynet er opptatt av å ha kontroll på denne smitta. Difor har nye grisefjøsar denne smitteslusa slik at bakterieoverføring skal stoppast, fortel Frode.

Det er også reglar for at det må vere ledig separat bingeplass til sjuke og skada dyr.

– Dyrevelferd er viktig, understrekar han.

Meir rasjonell drift

I dag har Frode avløysarhjelp av far sin Bjarte Fjellestad kvar tredje helg, men leiger ikkje hjelp til drifta på garden utover dette. Kona Eva har fulltidsjobb utanom garden.

Å vere grisebonde i tillegg til å ha 170 sauer, medfører mykje arbeid og mange timar i fjøsen kvar dag. Det er også mykje nattarbeid i periodar, når grisungane kjem til verda må nokon passe på.

Frode driv no intensivt oppdrett med 28 purker, og produserer edelgris. Purkene er delte i to puljar, og føder med elleve vekers mellomrom. Dei får heile 13-17 ungar kvar. Purkene dier smågrisene i fem veker. Så blir ungane avvende, og etter fire til sju døgn er purkene klare til å bli inseminerte på nytt. Slaktegrisene blir selde når dei er fem månader, og produksjonen rullar utan stopp, året rundt.

– Vi har dimensjonert anlegget slik at krava med omsyn til plass til kvart enkelt dyr kan bli endå strengare enn det er i dag. Det trur eg er lurt, for krava til dyrevelferd og areal blir stadig justerte på, påpeikar Frode.

– Det at vi tek dette løftet no, gjer det lettare for neste generasjon eventuelt å ta valet om å ta over, legg han til.

Ekteparet Eva Gimmestad og Frode Fjellestad gleder seg til den nye og topp moderne grisefjøsen er ferdigbygd. Anlegget vil effektivisere kvardagen til Frode.