Bustaden til bonden er inkludert i straumpakken for hushald.Arkivfoto: Erik Thorberg / NTB / NPK

Bustadhus på gardsbruk omfatta av straumordning

Fleire bønder har vore usikre på om straumpakken for hushald også omfattar bustadhus på gardsbruk. Men det gjer han, opplyser Norges Bondelag.

Det har vore uklart om bustadhus på gardsbruk er inkludert i den nye ordninga til regjeringa for å avhjelpe dei høge straumkostnadene til hushalda, sidan ordninga ikkje gjeld abonnement på organisasjonsnummer. Dei fleste gardsbruk har eit felles straumabonnement som dekkjer både næring og privat, og dette er som oftast registrert på gardsdrifta.

Regjeringa har no avklart at det blir ei løysing som sikrar at bustaden til bonden blir inkludert i ordninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er nøgd med at vi fekk denne viktige avklaringa. Dei høge straumprisane næringa opplever no, kjem på toppen av svært høg prisauken på fleire av innsatsfaktorane bonden brukar. Det betyr derfor mykje for økonomien til bondefamilien at dei også får ta del i sikringsordninga for høge straumutgifter i hushalda, seier Bjørn Gimming, leiar i Norges Bondelag, i ei pressemelding.

(©NPK)