Budsjettforhandlingane på Stortinget blir løfta til dei parlamentariske leiarane
Tuttifrutti-partia på Stortinget er eit godt stykke unna å bli einige om statsbudsjettet for neste år. Dei parlamentariske leiarane sit no i møte.
– Me står langt frå kvarandre og treng framleis store innrømmingar for å semjast. Det må skje store endringar om dette skal komma i mål, og det er heilt usannsynleg at dette skal skje på nokre timar, opplyser MDG-leiar Arild Hermstad til NRK og VG.
Fredag formiddag er forhandlingane løfta til dei parlamentariske leiarane frå dei fem partia, som sit i eit møte.
Det betyr at det er Aps nestleiar Tonje Brenna og partileiarane frå dei andre fire partia – Kirsti Bergstø (SV), Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Marie Sneve Martinussen (Raudt) og Arild Hermstad (MDG) – som no tek styringa.
Stoltenberg på plass
– Alle partia skjønner alvoret og ansvaret som ligg på oss, som har teke på seg ei oppgåve. Og så kjem me til å halda fram til me er ferdige. Det har eg stor tru på at me skal få til. Og me held fram til me er ferdige. Og no går eg inn og held fram med den jobben, sa Brenna då ho møtte pressa på Stortinget.
Ho har stor tru på at dei klarer å landa budsjettet.
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) har òg kopla seg på forhandlingane og kom til Stortinget klokka 9.30 fredag, skriv Dagens Næringsliv.
Ifølgje avisa skal han hjelpa til med å knekka det som blir omtalt som eit sentralt punkt – usemja om Israel-investeringane i oljefondet.
Olje og gass-strid
Forhandlingane mellom Arbeidarpartiet og dei fire budsjettpartnarane Senterpartiet, SV, Raudt og MDG starta 14. november. Dei siste dagane har det vore meldt om stor avstand mellom partia, og forhandlingane har gått føre seg langt utover natta.
Etter det NTB erfarer, er det særleg oljesaka som har splitta partia. MDG har kravd ein plan for utfasing av olje- og gassaktiviteten, men har møtt hard motbør frå Ap og Sp.
Torsdag vart det kjent at partia ikkje har bede Stortinget om å utsetja fristen for å bli einige om budsjettet. Dermed må einigheita vera på plass seinast førstkommande søndag.
Finansdebatten i Stortinget skjer 5. desember. (©NTB)