I desse dagar blir dei siste av over ein million brøytestikker sett ut langs norske vegar. Foto: Birger Morken/NTB/NPK.

Brøytestikkene er på plass langs norske vegar

I desse dagar blir dei siste av over ein million brøytestikker sett ut langs norske vegar.

– No kan vinteren berre komme, seier konsernsjef for drift og vedlikehald i Mesta, Kristin Folge, i ei pressemelding.

21.000 kilometer veg frå Porsanger i nordaust til Åseral i sør har fått sett opp brøytestikker slik at det er mogleg å brøyte vegen når snøen kjem. Ei brøytestikke for kvar 40. meter betyr at Mesta har sett ned over ein million brøytestikker langs vegkantane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Brøytestikkene gir tryggleik for folka våre som er ute på vegane, slik at dei får jobba effektiv med å fjerne snøen. Det gjer at vi kan lage framkommelege vegar og brøyte sikkert også når snøen kjem i store mengder, seier Folge.

Mesta arbeider på oppdrag frå fylkeskommunane og Statens vegvesen i driftskontraktar som går over fleire år. Kontraktane handlar ofte om heilårsdrift av vegane. (©NPK)