Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie under pressekonferanse om koronasituasjonen. Foto: Jil Yngland/NTB scanpix.

Breiddeidretten må vente på svar om gjenopning

Helseminister Bent Høie (H) varslar at det ikkje vil bli gjort ei ny vurdering av opning av idretten før tidlegast i midten av september.

Statsminister Erna Solberg trekte fram nettopp breiddeidretten då ho peika på kva tiltak for å gjenopne samfunnet regjeringa enno ikkje vil ta.

– Det vil bli gjort ei ny vurdering i midten av september, sa helseminister Bent Høie.

(©NPK)