Braut ut lyngbrann i Jølster
Kl. 15:18 onsdag ettermiddag blei det meldt om lyng-/grasbrann i Førde i Jølster.
- Det bles ein del i området og brenn nedover mot elva. Er folk på staden som prøver å sløkke. Politiet er på veg, opplyste Vest politidistrikt kl. 15:24.
Annonse
Klokka 15:51 blei det meldt at det ikkje var fare for spreiing til busetnad, og at brannvesenet var framme.
11 minutt seinare blei det meldt om kontroll på situasjonen, og klokka 16:36 kunne politiet opplyse at brannen var sløkt, og at ingen var kome til skade.
Kl. 18:00 melde politiet at dei var ferdige på staden. Det blir oppretta sak.
Brannårsaka er ukjend.