Bjørlo ligg an til å få utjamningsmandatet

Venstre kom over sperregrensa på fire prosent, og i morgontimane tysdag ligg det an til at Alfred Bjørlo får utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane.

Som vanleg knyter det seg stor uvisse til utjamningsmandata, og ikkje noko er avgjort før alle stemmene i landet er talde og dei endelege utrekningane gjorde.