Arkivfoto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Berre ein av ti planlegg å ta sommarferien i utlandet

Få nordmenn planlegg å ta sommarferien i utlandet. Også i år ønskjer folk flest seg til Noreg på sommarferie, viser tal frå Virke.

Blant dei som planlegg sommarferie, svarer 10 prosent at dei sannsynlegvis tek sommarferien i utlandet.

Dersom norske styresmakter ikkje rår mot reising i Noreg eller i utlandet, svarer 22 prosent av dei som planlegg sommarferie, at dei sannsynlegvis tek sommarferien i utlandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alt 60 prosent av dei 1.529 personane som har delteke i undersøkinga meiner at reiseaktiviteten i sommarferien blir påverka av koronasituasjonen.

Sverige (34 prosent), Danmark (28 prosent) og Spania (23 prosent) er destinasjonane i utlandet med størst oppslutning blant dei som planlegg sommarferie og vil bruke han i utlandet.

Det er fleire forhold ved koronapandemien som påverkar sannsynet for å bestille reise til utlandet: Å sjølv vere vaksinert (63 prosent), låg smitte i destinasjonslandet (62 prosent) og gode avbestillingsmoglegheiter (61 prosent) er forholda som flest meiner vil auke sannsynet for å bestille reise til utlandet i år.

(©NPK)