Illustrasjonsfoto.

Båt gjekk på stake i Selje

Ein person vart send til sjukehus etter båtulukke i Selje.

Ulukka skjedde litt over klokka tre natt til søndag. Ein båt med tre personer gjekk på ein stake i Salrasundet i Selje. Det oppstod ikkje lekkasje, men ein person vart skadd og frakta til Førde i ambulanse. Det er ikkje mistanke om rus, melder politiet.

Promillemistanke

Søndag morgon kl. 0430 vart føraren av ein personbil i Luster stoppa i kontroll. Vedkomande vart framstilt for blodprøve grunna mistanke om promillekjøring.

Vart vist vekk av politiet

Litt over midnatt natt til søndag viste politiet vekk ein person frå Stryn sentrum etter krangling ved ein skjenkjestad.

Ulovleg nattjakt

Natt til søndag vart det høyrt skot i området Kvammen ved Moskog. Politiet mistenkjer at det er skote på hjort og minner om at det ikkje er lovleg å skyte hjort under slike forhold. Det var bekmørkt, skriv politiet på Twitter.