Avskiltingar og mange gebyr

Statens vegvesen sine utsende fann mykje ureglementert under kveldskontrollar på Stadlandet, Selje og på Flatraket tysdag.

Fire personar fekk gebyr for manglande bilbelte.

Det vart skrive ut tre gebyr for dekk under lovleg minstemål.

Fire kjøretøy fekk mangellapp for tekniske manglar.

Ein førar fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletidsregelverket.

To køyretøy vart avskilta for manglande periodisk kontroll.

To førarar fekk gebyr for ikkje å ha medbrakt førarkort.