Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) stiller til pressekonferanse saman med bondeorganisasjonane måndag ettermiddag. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Avklaring i jordbruksforhandlingane – kallar inn til pressekonferanse klokka 14

Det har kome ei avklaring i jordbruksoppgjeret. Klokka 14 måndag stiller partane til pressekonferanse.

Landbruks- og matdepartementet melder at statsråd Sandra Borch (Sp), leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag og leiar Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil vere til stades under pressekonferansen.

Forhandlingane om jordbruksoppgjeret har halde på den siste veka, og måndag var sett som frist for å semjast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbodet frå staten utgjer totalt 10,15 milliardar kroner, noko som er eit rekordhøgt beløp. Men ein stor del av dette skal gå til å dekkje opp for den høge kostnadsveksten i 2022, mellom anna på gjødsel og straum.

Bøndene har kravd 11,5 milliardar kroner. Ein del av dette er ein auke i inntektene til bøndene på 100.000 kroner, på toppen av forventa lønnsvekst i år. Målet er å ta igjen lønnsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet. (©NPK)