I Noreg blir det planta over 30 millionar grantre kvart år. Kanskje det blir fleire tre med aust-europeisk opphav i framtida.

Austeuropeisk gran veks betre enn den norske

Nye analysar av forsøk som har gått føre seg i nærare 50 år, viser kva gran som veks best i Noreg.

Publisert

Det skriv Nibio i ei pressemelding.

Forskinga utført av Nibio viser no at gran frå dei austlege og søraustlege delane av Europa har betre vekst enn dei norske kontrollområda.

I 1968 og 1969 planta forskarar ut 72–80 ulike avstammingar av gran på to forsøksfelt. No er det klart at gran frå Tsjekkia, Slovakia, Romania, Ukraina og Belarus veks betre i norsk klima enn norsk gran. Resultata kan få tyding for framtidig skogplanteforedling.

– Dersom ein skal sikra god tilvekst og samtidig ta omsyn til klimatilpassing, kan det vera fornuftig å ta gran frå desse områda meir i bruk i norsk skogbruk, seier seniorforskar ved Nibio Tore Skrøppa.

Powered by Labrador CMS