Ein bør vera obs på skiutstyret når ein tek seg ein pause i varmestova i skitrekket i påsken. Foto: Jon Eeg/NTB/NPK.

Åtvarar mot tjuveri på skiferie

Det skjer i snitt om lag 20 prosent fleire tjuveri i påskevekene enn resten av året, ifylgje If.

– Ikkje alle påsketradisjonar er koselege. Kvart år ser me dessverre ein auke i tjuveri i påsken, og dei unge får mest stole frå seg, seier kommunikasjonssjef Ellen Paulsen i If Europeiske Forsikring i ei pressemelding.

Forsikringsselskapet skriv at det i snitt skjer 20 prosent fleire tjuveri i påsken enn elles i året. Folk i alderen 21 til 30 år er mest utsette, ifylgje If.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tjuveri av ski frå skistativ, mens du er inne i varmestove eller på kafé, er ganske vanleg. Det er heller ikkje uvanleg med frekke tjuveri av mindre verdigjenstandar frå bordet du sit ved. Det hjelper ikkje å gøyma unna tinga i jakka eller sekken, viss du ikkje tek han med deg når du går på toalettet eller bort i disken for å kjøpa noko. (©NPK)