Arkivet etter Hotel Mundal i Sogn er det første hotellarkivet i Noregs dokumentarv. Arkivet strekkjer seg frå hotellet blei bygd i 1891 til om lag 1980. Foto: Axel Lindahl/Digitalt Museum/NPK.

Arkivet frå Hotel Mundal blir no det første hotellarkivet som blir nasjonal dokumentarv

Hotellarkivet er eitt av ni dokument og arkiv som er innført i Noregs dokumentarv dette året. Noregs dokumentarv er den norske delen av UNESCOs Verdensminner, som skal synleggjere og ta vare på viktig kulturarv i form av dokument, arkiv, manuskript, foto, film og lyd.

Dette var grunngivinga for innføring av arkivet frå Hotel Mundal:

"Arkivet etter Hotel Mundal dokumenterer turisme og reiselivsnæring frå oppstarten av hotellet i 1891 og fram til om lag 1980, og det i eit av dei mest ikoniske vestlandske fjordområda som både gjorde Noreg kjent som reisemål på 1800-talet og som var og er ein viktig turistdestinasjon fram til i dag. Det nær komplette arkivet etter Hotel Mundal er unikt i nasjonal samanheng med sin samanhengane dokumentasjon av turismen frå framveksten av den utanlandske turistferdselen på slutten av 1800-talet, gjennom krig og krisetider, til det moderne reiselivet etter andre verdskrigen."

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er den norske komiteen for dokumentarven i verda som vurderer og avgjer kva dokument som blir skrive inn i Noregs dokumentarv. Komiteen blir nedsett av Kulturrådet etter samråd med Den norske UNESCO-kommisjonen, men består av eksterne fagpersonar. Kulturrådet er også sekretariat for arbeidet i komiteen.

– Vi fekk inn mange gode nominasjonar på temaet «kvardagsliv», til dømes turisme og reiseliv, som var det vi ønskt oss spesielt i år. Vi har vedteke å ta inn ni dokument og arkiv som viser ei breidd i norsk kulturarv og historie, seier Hilde Elvine Bjørnå som leier den norske komiteen for dokumentarven i verda.

(©NPK)