Leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre kan smile breitt. Partiet er dobbelt så store som Sp i den seinaste meiningsmålinga til Aftenposten. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Ap fossar fram i ny partimåling – nedgangen held fram for Sp

Ap er dobbelt så store som Sp på partibarometeret Nordstat har utarbeidd for Aftenposten. Samtidig forlèt veljarane Senterpartiet.

Sp og statsministerkandidaten deira Trygve Slagsvold Vedum får stadig fleire dårlege nyheiter. I den tredje måkinga til Nordstat på kort tid for Aftenposten fell partiet markant med 4,3 prosentpoeng til rundt 12 prosent oppslutning.

Men Jonas Gahr Støre i Arbeidarpartiet kan gle seg, for Ap på si side har gjort eit byks. Dei er dobbelt så store som samarbeidspartnaren Sp, med 26,8 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje avisa har Ap henta rundt 60.000 veljarar frå Høgre sidan sist stortingsval og 118.000 nye veljarar som ikkje stemde i 2017. Dei har òg overtydd 25.000 veljarar frå Sp om å byte parti.

I tillegg har SV, som Vedum lenge har vore skeptisk til å samarbeide med i ny regjering, behalde ei oppslutning på 9,7 prosentpoeng.

Det vil seie at partia som utgjer draumeregjeringa til Støre, Ap, Sp og SV, til saman hadde fått eit klart fleirtal med 91 mandat dersom dette var valresultatet.

Det er Høgre og statsminister Erna Solberg som går på det største nederlaget i denne målinga, der dei tre noverande regjeringsparti berre får til saman 40 mandat. Med Sylvi Listhaugs Frp bikkar dei så vidt 59 mandat, 26 unna sikra regjeringsmakt.

Høgre er òg langt unna å konkurrere med Ap om å vere Noregs største parti, med berre 18,9 prosent oppslutning mot Aps 26,8 prosent.

Verken KrF (3,6 prosent) eller Venstre (3,8 prosent) når sperregrensa på 4 prosent, ifølgje den seinaste målinga.

MDG fell litt på meiningsmålingane til 5,3 prosent etter oppgangen i kjølvatnet av FNs klimarapport tidlegare denne månaden. Medan Raudt får ein moderat auke, opp 1,5 prosentpoeng, til 4,7 prosent oppslutning.

(©NPK)

Artikkelen held fram under annonsen.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) gjer det dårleg på dei seinaste meiningsmålingane for Senterpartiet. Mykje tyder på at Vedum må ta til takke med å vere samarbeidspartnar med Arbeidarpartiet i ny regjering. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.