Ingrid Sundal Søreide (nærast) Elisabeth Skinlo (t.v.) og Åse Elvebakk inviterer til nattopne butikkar.

– Alle skal få god tid til å gjere julehandelen

Det skal ikkje stå på opningstidene, meiner dei næringsdrivande. Dei legg opp til romslege opningstider for at alle med mange gjeremål og lite tid skal få handle til jul utan at stressnivået går i taket.

Startskotet for julehandelen gjekk ved julegateopninga 26. november, og mange er sikkert godt i gang, men slett ikkje alle. Når programmet er tettpakka, og tida ikkje strekk heilt til, er det lett å skubbe det uungåelege føre seg.

Då er nattopne butikkar eit godt høve til å kome i gang. Fredag 9. desember inviterer dei næringsdrivande på Sandane tradisjon tru til julehandel frå morgon til midnatt.

– Då vankar det mange gode tilbod, og alle som handlar for over 100 kroner deltek i eit lotteri der vinsten er eit gåvekort på 1000 kroner, fortel Aase Elvebakk, Elisabeth Skinlo og Ingrid Sundal Søreide. Er ein ekstra heldig, er det sjanse til å vinne fleire gåvekort, peikar dei på.
Butikkane på Sandane har strekt seg langt for å gjere nattope til ei triveleg oppleving.

Les meir i papirutgåva onsdag.