Partileiarane for dei ni største partia i Noreg samla til TV 2s partileiardebatt tysdag. I ei ny meiningsmåling kjem alle partia over sperregrensa. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

Alle partia over sperregrensa på ny Aftenposten-måling

Alle dei ni største partia i Noreg kjem over sperregrensa på ei ny meiningsmåling Norstat har gjort for Aftenposten. Det kan gi ein historisk situasjon.

Skjer det same på valdagen, vil det vere historisk mange parti som kan forsyne seg av utjamningsmandata, viser den nye meiningsmålinga til Aftenposten. Alle ni partia vil få minst åtte mandat dersom målinga speglar resultatet på valdagen.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti får 82 mandat til saman på målinga. Dei treng 85 for å få fleirtal på Stortinget. Inkludert Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne, får venstresida 98 mandat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidarpartiet mistar 3,7 prosentpoeng i denne målinga samanlikna med Aftenpostens førre og endar på 23,1 prosent oppslutning. Senterpartiet mistar 0,6 prosentpoeng og går ned til 12,2 prosent, medan SV aukar med 1,1 prosentpoeng til 10,6. Raudt aukar òg, med 0,3 prosentpoeng, til 5 prosent, medan MDG mistar 0,5 prosentpoeng og går ned til 4,8 prosent.

Samtidig kjem både Kristeleg Folkeparti og Venstre seg over sperregrensa og aukar oppslutninga med høvesvis 1,1 og 0,7 prosentpoeng til 4,7 og 4,5 prosent. Statsminister Erna Solbergs Høgre aukar med 0,7 prosentpoeng til 19,6, og Framstegspartiet aukar med 0,8 prosentpoeng til 11,3 prosent.

Feilmarginen i målinga kjem ikkje tydeleg fram av Aftenpostens grafikk.

(©NPK)