Illustrasjonsbilete.

Aldri før har så få omkome i trafikken

Aldri har så få omkome i trafikken som i løpet av dei fire første månadane i år, melder Trygg Trafikk

Totalt har 27 personar mista livet på norske vegar hittil i år, og det er 13 færre enn til same tid i fjor.

Ferske tal syner at det aldri har vore tryggare å ferdast i trafikken som i dag. Dei seinare åra har talet på omkomne vorte kraftig redusert. Sju av desse omkom i april.

Direktør i Trygg Trafikk, Jan Johansen, er glad for nedgangen og meiner at dette i stor grad har samanheng med det systematisk og årelangt nasjonalt tryggleiksarbeid.

- Vi ser at statistikken over talet å omkomne svingar frå månad til månad, men trass det har talet på omkomne og hardt skadde gått kraftig ned gjennom mange år. Det er mange ting som spelar inn, men det er positivt at nedgangen no ser ut til å halde seg over fleire år, seier Johansen.

Må få ned talet hardt skadde
Sjølv om talet omkomne går ned er det framleis mange som får livet sitt øydelagt etter ulukker i trafikken. Mange vert merka for livet, og får redusert livskaliteten.

- Fleire vert redda no enn berre for få år sidan. Dei vert redda av betre tryggleiksutstyr, betre infrastruktur, sikrare bilar, førarstøttesystem, og forhåpentlegvis rett køyreåtferd. Å få ned talet hardt skadde er eit viktig satsingsområde, understrekar Johansen.

Det krevst iherdig innsats frå fleire hald, og det viktigaste er å styrke arbeidet for å påverke oppførselen til trafikantane, meiner Johansen.

- Førebels og i nær framtid kan vi ikkje rekne med at dei køyretya vil hjelpe oss i alle situasjonar. I tillegg vil stadig fleire sykle og gå. Uansett korleis du ferdast må trafikantane ha kunnskap og ferdigheta nok til å ta vare på liv og helse. Difor må vi styrke arbeidet med å utvikle ferdigheter og åtferd, seier Johansen.

Sjå opp for «nye» trafikantar
Våren og forsommaren ei periode med mange «nye» trafikantar som gjer trafikkbiletet komplisert.
- Om du køyrer bil må du følgje nøye med. Ver budd på tohjulingar både med og utan motor i kryss og på vegar med fleire felt. Bruk sidespeil og sjå godt etter i blindsona når du skiftar fil. Sørg for å bruke setebelte og avpass køyrestil etter tilhøva, avsluttar Johansen.