Refleksen gjer deg meir synleg i mørket, men rundt 700.000 nordmenn brukar han ikkje, ifølgje Ipsos' undersøking for Gjensidige. Foto: Erlend Aas/NTB/NPK.

700.000 brukar ikkje refleks

Vi er for lengst inne i den mørke delen av året, men heile 700.000 nordmenn brukar ikkje refleks, viser ei undersøking. Unge og Oslo-folk er verst.

Denne veka har det vore fleire ulykker der fotgjengarar er blitt påkøyrde – to av dei med dødeleg utfall. I samband med dette har ekspertar mint om at alle trafikantar må bidra til å unngå ulykker. For fotgjengarane bidreg refleks til at ein lettare blir sett.

Kommunikasjonsdirektør Bjarne Aani Rysstad i Gjensidige er skuffa over resultatet av ei undersøking Ipsos har gjort for forsikringsselskapet. Den viser at 700.000 av oss ikkje brukar refleks, skriv VG.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi snakkar om trafikktryggleik. Særleg yngre grupper går med hovuda i mobilen. Om ein i tillegg er uoppmerksam og bilistar ikkje ser ein, er det større sjanse for ei ulykke, seier Rysstad.

Undersøkinga, der 4.200 personar er spurde om refleksbruk, viser at folk i Nordland er dei beste refleksbrukarane. Der seier 93 prosent at dei brukar refleks, medan det same talet er 63 prosent i Oslo, som ligg nedst.

Ein av fire under 30 år seier at dei ikkje brukar refleks. Dette gjer unge til den aldersgruppa som er dårlegast på refleksbruk. (©NPK)