70 tonn med norske plommer kan bli kasta
Medan det blir selt spanske og nederlandske plommer i butikkane, står 70 tonn norske plommer i fare for å måtte bli kasta.
– Vi har selt 100 tonn plommer så langt, men 72 tonn står igjen. Det har ein verdi på 2,9 millionar kroner og mykje av det vil gå tapt. Vi taper på dette, men dei som taper mest på dette er produsentane våre, seier leiar Anita Roset i Innvik Fruktlager til lokalavisa Fjordingen.
Ho opplyser at det no blir omtrent lagra 230 tonn i lagera til Gartnerhallen-organisasjonen, som Innvik Fruktlager er tilknytt. Plommene har kort haldbarheit, og det er fare for at stor mengder må kastast.
Artikkelen held fram under annonsen.
Roset peikar på toll og import som hovudårsak.
– Salet av norske plommer må aukast, og då må importen av utanlandske plommer ned, seier Roset.
(©NPK)