Den Norske Turistforening lovar snøsikker påske med god stemning i fjellet. Foto: Halvard Alvik/NTB scanpix/NPK.

550 hytter DNT-hytter står klare på påskefjellet

Den Norske Turistforening forventar storinnrykk av hytteturistar i påska og lovar at det er nok snø.


– Påska for mange er einstydande med snødekte vidder, solfylte fjellsider og fine ettermiddagar i hytteveggen. Og vi kan roe fjellfolket, det er nok snø i fjellet i år og, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening (DNT).


Foreininga lovar klassisk påskestemning for alle som drar til fjells.


– 4.300 km med skiløyper blir kvista og rundt 550 hytter over heile landet blir gjort klare til storinnrykk, seier Solvang.



Overnattingsrekord

Overnattingstala til DNT frå 2018 vitnar om at hyttetilboda er populære. På fem år har DNT sine hytter hatt ein auke i talet på overnattinger på 19 prosent, og i fjor opplevde foreininga ein vekst på 8.500 overnattingsdøgn. Dette er ny rekord.


Sjølv om påska kjem seinare enn i fjor, trur generalsekretæren at folk framleis vil nytte sjansen til lange, solrike dagar i fjellet.


– Det er liten tvil om at hyttetur i påska framleis er ein tradisjon som står sterkt. Våre betjente hytter på fjellet melder om stor pågang og mange telefonar no i dagane opp mot påske, seier han.



Lovar snøsikker påske

Trondhjems Turistforening har seks betjente hytter i Trollheimen og Sylan, og det blir rapportert om rikeleg med snø i heile området.


– Med dette langtidsvarselet går det mot draumepåske! Snøen er fast og fin, og ein kan nærast gå over alt i terrenget. Det er tre centimeter med nysnø på toppen i Trollheimen, medan Sylan har ti, fortel informasjonssjef Jonny Remmereit i Trondhjems Turistforening.


DNT Oslo og omegn har hytter og ruter på Hardangervidda, Skarvheimen, Jotunheimen, Breheimen, Rondane, Dovre, Femundsmarka og Langsua. Der blir det også meldt om gode påskeløyper. (©NPK)