Siri Myhre, styreleiar og Randi Versto Kaasa, generalsekretær i 4H Norge er fornøgde med løyvingane i statsbudsjettet. Foto: 4H Norge.

4H jublar for støtte i statsbudsjettet

Regjeringa foreslår å vidareføre Landbruk- og matdepartementet si organisasjonsstøtte i framlegget til statsbudsjett 2021.

– I dag kan vi juble og takke regjeringa, som ser at det er langsiktige og føreseielege vilkår vi no treng. Ei vidareføring av støtta, sikrar framleis god 4H-aktivitet for barn og unge over heile landet, seier Siri Myhre, styreleiar i 4H Norge i ei pressemelding.

12.000 medlemmer i 4H, fordelte på 500 4H-klubbar over heile landet, kan no glede seg over at organisasjonen får behalde støtta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er midt i ein krevjande pandemi, som har store konsekvensar for våre medlemmer og våre aktivitetar. Det betyr derfor ekstra mykje for oss at støtta til 4H no blir vidareført, slik at vi kan halde fram å lage god lokal aktivitet og skape engasjement i lokalsamfunn over heile landet. Vårt motto er å lære ved å gjere, og gjennom våre aktivitetar og vårt medlemsdemokrati skaper vi engasjerte samfunnsborgarar, seier Myhre.

(©NPK)