Koronavirus. Illustrasjonsfoto.

40 nye nærkontaktar i Gloppen

Kring 40 nye personar er blitt definerte som nærkontaktar i Gloppen i samband med dei fire positive koronatestane laurdag. Det er også nærkontaktar knytte til Stad og Stryn kommunar.

Det opplyser Gloppen kommune i ei pressemelding søndag ettermiddag.

Identifiserte nærkontaktar er informerte og har fått utlevert testar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei klasse ved Sandane skule og ei klasse på Nordstranda skule, i tillegg til ein fritidsaktivitet torsdag 21.10, er råka.

Personar som er smitta har vore med skuleskyss:

Torsdag 21.10 og fredag 22.10. til og frå skulen. Dette gjeld rutene: Myklebustdalen - Breim - Ryssdalen - Søreide, og Søreide - Breim skule - Egge - Skuggesida.

Torsdag 21.10 til og frå skulen: Nordstranda skule - Fjellbygda.

– Vi har ikkje oversikt over kven som har vore med på desse transportane. Dersom nokon har vore med på transportane og får symptom på luftvegsinfeksjon, bør dei teste seg, heiter det i pressemeldinga.