31 melde til politiet etter festar i Vestland

Laurdag kveld og natt til søndag fekk politiet inn heile 35 meldingar om feststøy- og forstyrringar av natteroa, melder Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Dei aller fleste av desse var i Bergen kommune, men meldingane kom òg frå andre stadar i politidistriktet.

To festar

Politiet hadde kapasitet til å rykkje ut på 26 av festane, og melde 31 personar for brot på smittevernreglane. Desse fordelte seg på to festar med høvesvis 16 og 15 personar.

Dei aller fleste av dei melde er gutar og jenter i 20-åra, men òg nokre få i 30-åra.

Festane var lokaliserte på Fantoft og i Sandviken, begge i Bergen kommune.