Fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

19.276 fullvaksinerte har vorte koronasmitta

Vel 16,4 prosent av dei 111.000 som har fått påvist koronasmitte sidan nyttår, var fullvaksinerte, viser tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

– Vaksinen er mest av alt effektiv for å verne mot alvorleg sjukdom, men når rundt tre av fire smitta ikkje var vaksinerte, viser det òg at vaksinen er 75 prosent effektiv i å hindre smitte, seier fagdirektør Frode Forland ved FHI til P4-nyheitene.

Til saman er 19.276 fullvaksinerte vorte smitta av koronaviruset. I tillegg hadde 10,7 prosent av dei smitta fått éin dose.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forland seier ein må rekne med at ein del fullvaksinerte vil bli smitta framover, og nokre vil bli innlagde på sjukehus. 51 prosent av dei som vart lagde inn på sjukehus i veke 44, var fullvaksinerte.

(©NPK)