Då Nordfjordrådet vitja fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus måndag, fekk dei møte eit ektepar som nyleg hadde fått ein son.

– Dette er vegen Vegvesenet har gløymt

Den tidlegare E39 langs fjorden vart aldri noko anna enn ein opprusta kjerreveg og eit mareritt for vogntoga og dei mange som hadde tidsnød for å nå ferja. Det meiner Kristen Vereide. Han bur ved vegen og er dessverre tvinga til å bruke han.

– Nedre linje var eigentleg bygd som kjerreveg for over hundre år sidan før bilane kom. Sidan vart han gradvis breiare, meir eller mindre fordi vegbana vart pressa saman og gjekk i breidda. Noko systematisk opprusting og standardheving skjedde aldri, heller ikkje etter at ferjesambandet Anda – Lote vart opna på slutten av 60-talet.

– Då vart vegen ein del av riksvegnettet, først riksveg 1, deretter rv 14 og til sist E39, fortel Vereide. Då auka trafikken svært mykje. Så kom bygginga av den nye E39, lokalt kalla øvre linje.

– Då dette vart vedteke, slutta det vesle vedlikehaldet som var. Statens vegvesen ville ikkje bruke pengar på ein veg som snart skulle omklassifiserast til fylkesveg, seier Kristen Vereide. Dermed har forfallet gått sin gang.

Les heile saka i papirutgåva fredag.

Kristen Vereide køyrer ofte fylkesveg 700. Han meiner vedlikehaldet er lik null.