Kven er denne nissetrioen, spør butikkane på Sandane.

Kveldsope på Sandane

Komande torsdag held alle butikkane på Sandane ope til klokka ti om kvelden.

Tradisjonen tru er det kveldsope denne torsdagen to veker før jul, og butikkgruppa på Sandane har samla saman mange gode tilbod til kundane.

Gåvekort

– Alle som handlar for over 200 kroner i butikkane denne dagen kan fylle ut eit lodd og vere med på ei trekning av fem gåvekort á 1000 kroner som dei kan bruke i dei butikkane på Sandane som er medlemer i butikkgruppa, seier styremedlem Mari Heggheim Wie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinnarane av gåvekorta blir trekte komande fredag, og vil få tilsendt tekstmelding på telefonen om dei har vunne.

Men dette er ikkje einaste sjansen ein har til å vinne. Butikkgruppa har òg laga til ein konkurranse på Facebook.

– Vi har funne tre lokale nissar med skjult identitet. Klarer du å sjå kven dette er, blir du med i trekninga av ytterlegare eitt gåvekort på 1.000 kroner.

Bålpanne og song

Wie og resten av styret gler seg til torsdag, og lovar julestemning både ute og inne på Sandane.

– Det blir bålpanner i sentrum, der ein kan få seg julegløgg og litt attåt. Er vi heldige, dukkar det kanskje opp nokre «pop-up» songarar òg, som kan spe på med endå meir julestemning, smiler ho og legg til:

– Vi håpar på ein fin kveld for alle som tar turen til Sandane.