– Løna er grei nok, men vi heng ikkje lenger med i utviklinga. Andre med tilsvarande utdanning har passert oss for lengst, skriv Firda-lærarar som er medlemer i Utdanningsforbundet. På biletet er arbeidsplasstillitsvald og klubbleiar Sabine Exner (f.v.), og klubbstyremedlemene Kari Elisabeth Aasebø og Ingvild Helle Bolstad.

Vi heiar på våre streikande kollegaer i Sunnfjord!

Streikar lærarane ved Hafstad og Mo og Øyrane, sa du?

Då kom streiken kjapt veldig nær oss på Sandane! Fram til no har vi kunna lene oss behageleg tilbake og vere tilskodarar til ein arbeidskamp som føltest rett og viktig, men ganske langt unna, med Bergen som næraste streikeuttak. På Firda VGS har vi i tillegg i haust kunne vere den glade jubilanten som feira seg sjølv og skulens reise gjennom fantastiske 100 år. Men no har vi snudd fokuset brått, og sympatien og solidariteten rettar vi fullt ut mot våre streikande lærarkollegaer, og då særleg i Sunnfjord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
No blir også Sunnfjord kommune råka

Korleis hadde skulen vår sett ut om ikkje aktive lærarorganisasjonar og elevaktivistar i alle år hadde kjempa for ein betre skule for alle, og levelege vilkår for dei tilsette? Det er ikkje godt å vite, men utviklinga har utvilsamt gått i rett retning. Men held vi tritt framover?

Les også
Endå fleire elevar blir ramma – lærarstreiken blir trappa opp i dag

Er ikkje lærarløna ganske akseptabel, spør du?

Jau, løna er grei nok, men vi heng ikkje lenger med i utviklinga. Andre med tilsvarande utdanning har passert oss for lengst. Vi har blitt nedprioritert i minst 6 år, nei, eigentleg sidan 2004, då KS overtok forhandlingsansvaret for lærarane frå staten. 1 av 5 lærarar finn seg jobbar heilt andre stadar, og enda verre: læraryrket er ikkje like attraktivt lenger for dei flinkaste ungdommane. Det er tomme stolar på lærarutdanningane, og det blir vanskelegare å rekruttere lærarar til ledige stillingar. Det kjennast trist, for dette er eit meiningsfylt yrke der ein verkeleg kan bety noko for den oppveksande slekta og gjere ein forskjell for den enkelte! Dei fleste veit innerst inne kor viktige godt utdanna og empatiske lærarar er. Vi merkar det best når dei manglar, t.d. ved ein pandemi, eller ja, nettopp, ein streik. Så pussig at den enorme betydninga blir gløymd eller aktivt snakka ned så snart lønsforhandlingane set i gang. KS, du er riktig nok vår motpart i forhandlingane, men kva tid begynte du å bli motstandar av heile lærarstanden?

Les også
Utdanningsforbundet tek ut 1.423 lærarar til i streik

Det passar dårleg å streike akkurat no, meiner du? Er det kanskje betre at vi finn ein dato i kalenderen eller eit anna år der vi ikkje forstyrrar så mykje? Tru meg, ingen lærar gleder seg til å streike, vi vil alle så mykje heller utøve draumejobben vår og vere i lag med elevane. Men ein gong er begeret fullt, og nok er nok. Lærarane streikar nemleg ikkje berre for betre løn for seg sjølve i år.

Vi kjemper for å bli høyrde, respekterte og tatt på alvor.

Vi kjempar for målbevisste, flinke ungdommar som er på veg inn i læraryrket.

Vi kjempar for at dyktige lærarar blir verande i yrket.

Vi kjempar for rektorar og leiarar, for at dei også i framtida kan tilsette dei beste til jobben.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi kjempar for foreldra for at dei skal kunne kjenne seg trygge på at barna deira får den beste utdanninga.

Og det viktigaste av alt: vi kjempar for elevane sin rett til ein kvalifisert lærar. Fordi det er heilt sant: Skal de satse på elevane – må de satse på lærarane!

Vi på Firda VGS heiar av heile våre hjarte på våre gode sunnfjordkollegaer som tar byrda på seg og streikar for oss alle. Dei er ekte samfunnsbyggarar. Eit samfunn som bygger på verdiar som kunnskap, yrkesstolheit og tillit. Måtte KS kome snarleg til innsikt og streiken bli avslutta. Elevane treng lærarane sine. Stå på!

Utdanningsforbundet

Klubben på Firda VGS

ATV Sabine Exner