Nær 3.000 lærarar kjem til å vere ute i streik frå og med måndag. Foto: Gorm Kallestad/NTB.

Utdanningsforbundet tek ut 1.423 lærarar til i streik

Utdanningsforbundet trappar opp streiken med over 1.400 lærarar frå måndag. Dermed har nesten 3.000 lærarar lagt ned arbeidet.

Heller ikkje i denne tredje runden vil lærarane ramme barnetrinnet eller barnehagane. Alle lærarar i streik frå måndag 29. august jobbar i ungdomsskulen eller i vidaregåande skule, melder TV 2.

– Lærarhjarta våre blør når elevane blir ramma av denne konflikten. Men dei blir ramma hardare når dei ikkje får lærarar som er utdanna til denne viktige og krevjande jobben, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fagforbundet til lærarane i kommunesektoren braut meklinga i lønnsoppgjeret, mange timar på overtid. Då var det klart at dei ikkje nådde fram med lønnskrava sine. Streiken har formelt vart sidan før sommaren, men det er først no etter skulestart at den verkeleg gjer seg gjeldande.