Venstre elskar alle
SVs Audun Bjørlo Lysbakken er i eit innlegg i Firda Tidend 19/11 uroa over at eg og Venstre bryr oss meir om vestkanten i Oslo enn om Vestlandet, når vi går inn for lågare formuesskatt på arbeidande kapital.
Eg kan glede Audun og SV med at det ikkje er tilfelle. Venstre bryr oss om alle, og vi lyttar til dei som har skoa på. Dei sterkaste varsko-ropa om det som no skjer på grasrota i bedrifts-Noreg grunna regjeringspartia og SV sine kraftige og uføreseielege auker av særskattane på norsk eigarskap, kjem frå Vestlandet. Det er på Vestlandet den lokale eigarskapen i næringslivet står sterkast. Og det er her det no står i fare for å gå opp i liminga, fordi SV er med på å gjere det stadig meir lønsamt for bedrifter å ha utanlandske eigarar enn å vere eigde lokalt.
Artikkelen held fram under annonsen.
SV og Audun Bjørlo Lysbakken framstiller det som vi må velje mellom høgare formuesskatt på det å eige bedrifter, eller betre velferd og sosial rettferd. Det er ei framstilling eg ikkje kan seie meg samd i.
Verdiar og inntekter må skapast før dei kan delast. At vi har eit mangfald av bedrifter landet rundt med variert og lokal eigarskap som skaper arbeidsplassar, skatteinntekter og aktivitet i lokalsamfunna – er ein direkte føresetnad for velferd. Og vil bli det i endå større grad i framtida, når vi ikkje lenger har like store inntekter frå sal av olje og gass som Noreg har hatt fram til no.
Eg trur Audun Bjørlo Lysbakken og SV tar grundig feil når dei framstiller dei nødropa vi no høyrer frå små og mellomstore bedrifter over heile landet som «...krav frå einskilde rike menneske om lågare skatt på formue». Desse menneska er ikkje stereotype «rikingar» som er ute etter å grafse til seg stadig meir for å kjøpe stadig dyrare hus og bilar og leve jetset-liv. Dei er hardt arbeidande folk som har verdiane sine i form av fabrikkbygg, maskiner, dyktige tilsette og gode forretningsidear som kan drive Noreg framover. Dei ber ikkje om meir til seg sjølve, men om å sleppe å tappe bedriftene sine for verdiar og framtidskraft, eller å måtte selje bedrifta til eit utanlandsk investeringsfond som slepp å betale særnorske skattar.
Eg vil rå Audun Bjørlo Lysbakken til å vitje ein del av bedriftene på Vestlandet som akkurat no står i denne skvisen, og som meir enn noko vil ha SV i tale i staden for å bli møtte med retorikk om «rikingar på Oslo Vest». Vi i Venstre meiner i alle fall at tida er inne for å lytte litt meir, og skatte litt mindre.